gatekunst

søndag 20. september 2009






slå i hjel litt tid?

torsdag 17. september 2009

Sidan eg manglar litt bloggarinspirasjon for tida, gjer eg det enkelt no... 
Eg likar å slå i hjel litt tid på youtube innimellom, og legg dermed ut nokre klipp her for å slå i hjel litt av di tid også. 

Her fann eg eit gammalt klipp vi har ledd mykje av heime:


Og til slutt, den tragiske historien om Erik Hartman (lenger og teksta versjon):


Ellers har hausten starta overraskande bra!
Har vore på Thomas Dybdahl konsert (!!!), teater, starta på salsa-kurs att, og eg trivst godt i min nye leiligheit. Byrjar å bli vant med å bu aleine, livet utan tv, og ikkje minst stillheita. Alt vel=) 

Ro, ro til fiskeskjær!

mandag 17. august 2009

Då var det avgjort. Noreg sin nasjonalbåt er oselvaren! Ein vakker båt!













Tannpine

søndag 9. august 2009

Akkurat no føler eg meg litt som Lina i "Emil i Lønneberget"...
Min venstre kjeve er STOR, og eg et på ibux og isbitar...
Føler ikkje denne såkalla "visdomstanna" gjer meg noko meir vis, berre irritert!!

...

torsdag 30. juli 2009

Kvar vart det av sommaren eigentleg?

Eg saknar den eg...

Gammalt vert nytt

torsdag 23. juli 2009

Eg har hatt eit lite prosjekt den siste veka...


Litt impulsivt satte eg i gang eit oppussingsprosjekt av hyttehuset heime hos mormor på Tysnes.
Med frie tøylar, litt hjelp av mamma og pappa, og maling som einaste innkjøp var eg klar for sommarens prosjekt.

Hyttehuset har lenge stått ubrukt, og min plan var å gjera det attraktivt att.
Resultatet; -ein dreven malar og ein sliten høgrearm, kunnskap, gjenbruk og innhaldsrike turar på loft og i kjellar, ei overraska mormor og mange fornøgde fjes, særs meg=)

Sjølvsagt gløymde eg å ta eit "før" bilete, men for å gje ei viss aning om korleis det var; ubehandla panelveggar, køyeseng, to sofaer, og ein heil del andre møblar.
"Etter" bileta er derimot mange...:



Giraffen laffen

søndag 21. juni 2009

I dag har eg vore litt born att.


Dersom du ikkje har høyrd om prosjektet "one million giraffes" før, får du høyra om det no. Ola, ein av mine klassekamerat frå tida i Kristiansand, har inngått eit veddemål der han skal samla inn ein million teikningar av giraffar innan 1.jan.2011. Han vil vi skal skru av tv og data og bruka kreativiteten.

I dag fekk eg med meg mamma og pappa og teikna giraffar, samt høyrde på barnemusikk... Dette var ganske artig, og alle 3 vart fornøgde!

Her er resultata mine:

Sett deg ned og teikn eller lag ein giraff du og!
(Du kan laga så mange du vil, berre ikkje på data)

www.OneMillionGiraffes.com

 
... - by Templates para novo blogger